Å handle i affekt

Eg har synda. Og eg kan komme med alle slags unnskyldningar om kvifor, men resultatet er at eg kjøpte to plagg som eg ikkje kan gå god for. Kaffe og Cream. Dei har ikkje ein gong brydd seg om å skrive om etikk på nettstaden sin. Ikkje finn eg noko informasjon i rapportar eller andre si vurdering av dei heller. Som med så monge andre klesplagg me går i, er informasjonen bak plagga vanskeleg å finne. 

Men tilbake til meg. For bloggen har utvikla seg til å bli ein studie i min eigen shoppingåtferd. Og kanskje finn eg nokre årsakar til kvifor me overforbrukar slik som me gjer. Derfor vil eg tilbake til prøverommet og kassa den dagen:

Eg var på ferie. Noko uventa kom opp og det var viktig at eg presterte godt i ein sosial situasjon. Fine kler er viktig då, tenkte eg. I kofferten lå det berre turkler. Så eg tok med litle J til kjøpesenteret i nærleiken. Eg lot vere å gå på dei store kjedene. Innbilte meg at det var betre å gå på ein liten damebutikk med eit søtt damenavn. Prisane var stive, men eg fann nokre fine plagg på salg. Salg. Då får ein meir for pengane. Det er nesten som om ein tener penger, innbilte eg meg vidare.

Inn i prøverommet. Det var ein fin sommarsdag, men uansett er det ingen stad i verden som er så varm som prøverom. Eg blir varmere og meir stressa for kvart plagg. Var den fin? Den? Varm. Stressa. Og J gjer slik babyar gjer: bæsjar. Og eg seier ikkje det for å skulde på han, men fordi sånne ting skjer i prøverommet. Enten det er ei sulten venninne, ein utålmodig kjærast eller ein baby som bæsjar, så er me varme og må skunde å bestemme oss. 

I kassa. "Topp med ny topp", sa kassadama. Ho var veldig munter. "Ja", svarte eg. Eg burde ha spurt kva ho visste om plagga. Kor og korleis dei var produsert. "Kva veit du om produsenten?" kunne eg ha spurt. Enkelt. I staden sa eg: "Det er så varmt i dag". Kassadama var einig i det og slo inn prisen. Eg betalte og me takka fint begge to. Lite visste ho at dette var mitt fyrste store brot på Snill shop-prosjektet. 

Men eg hald fram, altså, og er meir motivert enn nokon gong.

Kva har eg lært? Ta med deg eit par fine klesplagg nesten uansett kor du reiser. Ha ein klar plan før du går på shopping. Bestem deg før du kjem til kassa for å spørre om produksjonen og materialet. Ikkje la deg stresse av varme eller dei som er med deg,  hugs at du kan komme tilbake til butikken når det er blitt kaldare og bæsjebleia er tatt.