Kor bør vi handle billige klær?

Transient

På måndag var eg på Attac sitt møte og filmvisning om kleskjeden Hennes & Mauritz. Tilfeldigvis satt eg i både bukse og bluse frå H&M og eg følte at merkelappene stakk ut og satte meg lageleg til for... attac. Men den antikapitalistiske gruppa behandla meg bra og ga meg både te og kjeks.

Eg har stor tru på at vi som forbrukarar kan vere med å påvirke verda rundt oss, og eg prøver å bli meir medviten på kor eg handlar klær. Å kjøpe brukt eller etisk sertifiserte klær er det aller beste, men nokon gonger så "treng" eg klær som eg ikkje finn på Fretex og ikkje har råd til å bestille på nett. Og då kjøpar eg billigmote og tenker som mange andre: eg er i det minste med på å skape økonomisk vekst. Spørsmålet er korleis me kan styre denne veksten slik at den er til beste for vanlege folk.

Me kan kjøpe klær hos dei som har best rykte på seg. 

Det var ei stund eg boikotta H&M. Ei undersøking avslørte at dei ikkje krevde levelønn, men godtok minstelønn. Kva som er levelønn i eit land kan diskuterast, men den blir ofte satt av organisasjonar som driv med etikkrådgivining i det aktuelle landet. Fleire kleskjeder krev levelønn av sine produsentar. I den nemte undersøkinga kom Zara (Inditex) passe godt ut av det. Dessverre finst det ingen Zara-butikkar i Bergen. Og ikkje veit eg om dei kan plasserast i kategorien billigmote heller.

Eg lot altså vere å kjøpe klær hos H&M... Heilt til eg leste eit intervju med Thomas Laudal, som fortalte at H&M, Zara og Lindex, var dei som var flinke til å ta samfunnsansvar (sjå også denne kåringa). Utan at eg har hatt tid til å lese avhandlinga hans nøye, så visar dette oss uansett at det er fleire variablar å ta omsyn til når ein skal velge billigmerke. Styr unna Mexx og Esprit, seier Laudal, dei er blant dei aller verste på samfunnsansavar. 

Førre månad avslørte svenske TV4 at H&M ikkje var blant dei flinke i klassen likevel. Programmet Kalla fakta har besøkt ein fabrikk i Kambodja, som H&M kjøper klær frå, og fann ut at arbeiderane ikkje får betalt levelønn. Arbeiderane må derfor arbeide lange dagar, får ikkje spise skikkelig og sitt i dårleg luft. Å besvime på jobb er ikkje uvanleg.

I dokumentaren kjem det fram at merker som Zara og Filippa K krev levelønn i Kambodsja. Norske Stormberg, som er kjent for å ta sosialt ansvar, har også gode argument til H&M sine dårlege unnskyldningar.

Transient

Lindex har såvidt eg veit, eit godt rykte på seg for å satse på både miljø og gode vilkår for arbeidarne. Dei sel også billige klær. Kanskje dukkar det opp eit par rosa bloggpostar om eg finn noko fint?

Det er altså på Lindex eg kjem til å handle billig - om ikkje Framtiden i våre hender, Kalla fakta eller nokon andre, avslører at heller ikkje dei har eit samsvar mellom liv og lære.