Snill shop 2013

Eg er så begeistra for Stop shop 2013! Tre venninner har gjennomført heile 2012 utan å shoppe kler eller utstyr til seg sjølv eller barna deira. Nå har over 500 meldt seg på eit nytt kjøpefritt år. Nokre venninner har laga ein kul blogg om shopstop-året som kjem. 

Men korfor? Nokon vektlegg å spare miljøet, andre lommeboka. Dei ønsker å bruke meir tid på det viktige i livet og mindre på ein kynisk industri. Det er òg eit fantastisk motsvar til presset om å vere moteriktig. Dei snakkar om det som ein slags avrusning. Å kjøpe kler gir eit rush fleire ønsker å venne seg av med.

Transient

...så skal eg vere med på Stop shop 2013? Etter å ha tenkt mykje på det, har eg komme fram til at det ikkje passar heilt med kva eg prøver å få til. Eg er ingen storhandlar, men har gått mykje med kler eg har arva av mor, svigermor, søstre og svigersøstre. I skapet ligg til og med nokre plagg etter bestemødre og bestefedre. Kombinert med ein hang for billigmote på salg, har dette ført til ein ganske merkelig klesstil. 

Eg har ikkje brukt mykje penger eller tid på shopping - men om eg ønsker å vere med å endre klesindustrien til det bedre, er det nettopp det eg må gjere. Det finst så mange etiske alternativ som tar omsyn både til miljø, bønder og produsenter. Desse produkta er relativt dyre og dei kan vere vanskelig å finne. Utfordringa er å ta seg råd og tid til dei produkta eg verkeleg har lyst på. Målet er å bli ein meir etisk bevisst forbrukar.

Å stoppe å shoppe vil berre få bukt med dårlege vanar. Eg ønsker også å innføre nokre gode vanar og finn på... Snill shop 2013:

Transient
  1. Alt eg kjøper av kler, sko og gåver skal vere snille.
  2. Men kva er snilt? Som ein test og anbefaling for andre, må eg fortelle om varene eg kjøper, og kvifor sertifiseringane eller merka er snille.
  3. Alle brot på Snill shop 2013 må rapporterast. Det er jo ikkje særleg spennande å lese om og ein god motivasjon for å ikkje finne på noko tull. 

I januar får me ein ny, liten tass i heimen. Eg anar ikkje korleis det kjem til å bli. Kanskje blir eg ein  mamma som berre går med dei klerne som alt ligg i skapet. Og vel er det! Men då blir det ikkje noko særleg blogging om snill shopping. Tanken er at om eg er så frisk og freidig at eg finn på å handle kler, så skal eg også orke å skrive litt om det. 

Og når det gjeld barnekler: TUSEN takk til alle som har gitt oss bitte små kler! Eg er superimponert over korleis barnekler går frå den eine familien til den andre. Me har fått kler frå folk me ikkje ein gong anar kven er.

Til slutt: bli med da vel! Enten du vil slutte å shoppe eller å begynne å shoppe meir etisk i 2013, så er ingenting bedre enn å dele erfaringar, frustrasjonar og oppdagingar.

Transient