Snilt #1: Heimelaga klutar

Dette redesigntrikset lærte eg av ei lur svigersøster for eit par år sidan: Korleis lage gode vaskeklutar av eit gamalt handkle...

  1. Finn det mest slitte handkle i skapet. Jo meir utvaska, jo bedre. Då blir klutane tynne, mjuke og veldig gode.
  2. Klipp det opp i passe store bitar. Finn ein god kant på handkle som kan klippast og brukast til hempe.
  3. Sy sikksakk-søm langs kantane og fest hempen i eit hjørne.

Ein-to-tre - ein stabel med klutar!

IMG_0442.JPG
IMG_0443.JPG
IMG_0444.JPG