Snilt #3: Babygåver

Av ein eller anna grunn er det mykje lettare å shoppe snilt til barn enn til vaksne.  Grønn kirke har laga ei oversiktsliste og eit par googlesøk viser at det finst enda fleire butikkar som sel etisk sertifiserte barnekler. Eg kjem til å halde fokus på kler og sko til vaksne på mi liste, men har lyst til å dele litt informasjon om nokre av dei snille gåvene Jonatan har fått:

babygåver.jpg

Den flotte Tiljamid-sparkebuksa er designa på Voss og produsert i Kina. Fabrikken er WRAP-sertifisert. Therese frå Tiljamid, fortel meg i ein mail at ho sjølv har besøkt fabrikken i Kina. Arbeiderane får servert mat og dei som har lang reiseveg heim får også losji, seier ho. Stoffet er laga av bambus, som både er veldig miljøvennleg, har varmeregulerande eigenskaper og er godt å ha på seg. Buksa er så fin og mjuk!

Dei varme og gode ullklerne frå Nøstebarn har allereie blitt ein favoritt her i heimen. Den fine, kvite lua er god på tur i februarkulda :) Nøstebarn sine produkt er sertifisert av iVN som stiller strenge krav til økologisk produksjonsmåte og gode arbeidsforhold. PS: Nøstebarn lagar også kler til vaksne!

Det mjuke, herlege handkle er frå Oria. Deira produkt er fairtrade-sertifisert. Dei lagar også vesker, t-skjorter og barnekler og du finn dei hos Friends Fairtrade.

Transient

Denne litle kjekkasen har ei snill tante laga av gamalt sengetøy. Han er altså både heimelaga og gjenbrukt... og del av ein fresh trend: Upcycling. Ting me ikkje lenger bruker, kan ikkje berre resirkulerast, dei kan også oppgraderast og få ein heilt ny -og bedre- funksjon. Oppsirkluering ftw!