Me koser oss ikkje med dårleg kaffi

Det var min kjære farmor som først brukte adjektivet "snill" om ein etisk sertifisert vare. Nærmare bestemt fairtrade kaffe. For nokre år sidan diskuterte me dette med rettferdig handel og ho begynte å kjøpe "snill kaffe". Etter ei stund fortalte ho at dei ikkje likte smaken på Farmer's fairtrade kaffe og hadde gått tilbake til den vanlege. Som ho sa: 

Vi kan jo ikke drikke dårlig kaffe bare for å være snille.

Dette er eit veldig viktig poeng også når det kjem til andre snille varer. Me kan ikkje bruke pengar (eller tid!) på varer av dårleg kvalitet, uansett kor etiske dei er. Eg kjem til å vektlegge kvalitet i vurderinga av snille varer - og eg håpar facebookgruppa kan vere ein stad kor me kan dele både gode og dårlege erfaringar.

Når det gjeld kaffe, så må det vere sagt at det i dag finst eit større utval av god, snill kaffe både i butikkane og kafear. Eg brukar å like Green World sin, som er å finne i dei fleste butikkar. Likar òg å koste på meg Tim Wendelboe eller Solberg & Hansen sin nydelege kaffe i blant. Interessert i snill kaffehandel? Sjå artikkelen eg skreiv om etiopisk kaffeeksport for eit par år sidan.

Transient