Byt, byt

IMG_0855.jpg

I dag rydda eg i klesskapet og tok med kler eg ikkje eigentleg bruker til klesbytedagar på Lush. Det var ikkje mykje der når me kom, men Lush er lure: bytinga varar heilt til laurdag! Dei har eit bord midt i butikken som fungerar som bytestasjon. Me la frå oss klesplagga og kan komme tilbake seinare i veka for å sjå om det har komme inn noko som me ønsker oss. 

Bra for miljøet og lommeboka. Og knallgod marknadsføring: eg blei så imponert over Lush at eg kjøpte ei såpe. Fleire klesbytedagar, takk!

Lurer du på kva ein bytedag er? Sjå Framtiden i våre hender sin Byttefestguide

Vil òg tipse om den fantastiske facebooksida: Loppemarkeder i Bergen. Følg dei for god, oppdatert informasjon om loppemarknader og bytedagar.