Ein #snill revolusjon

Det er ein moterevolusjon på gong. For eit år sidan døde over 1138 i ein klesfabrikk i Bangladesh. I dag minnest me dei - og markerer dagen ved å ta eit oppgjør med hurtigmoten. Her kjem tre snille eksempel:

Vil du betale ein tier meir for eit klesplagg? Det kan doble lønna til dei som lagar kleda. Skriv under på FIVH sin kampanje: Eg vil gi tieren min! 

#Insideout er ein kampanje som oppfordrar alle til gå med kleda sine på vranga - og å spørre merkevaren kven som eigentleg har laga dei. Bak står organisasjonen Fashion Revolution. Eg må innrømme at eg ikkje har hatt genseren på vranga på jobb i dag, men er kjem eit bilete frå i kveld for å vere med på ei flott markering. 

Målet med begge kampanjane er å gjere produsentane klar over at me forbrukarar ønskjer at arbeidarar i heile verda skal ha trygge forhold. 

Nokon som har kjent på kroppen korleis klesprodusentane våre i Kambodjia har det, er dei tre ungdommane i "Sweatshop - dødsbillig mote".

Neste veke er det 1. mai og veka etterpå er det World Fair Trade Day... Altså mange gode dagar å feire saktare og snillare handel. 

Dei neste tre vekene må eg lese til eksamen etter jobb og familietid. Men no har eg lova meg sjølv å ta minst eitt studiefritt år. Kanskje blir tida frå 24.april til 10.mai i 2015 stappfull av snill shopping? Blir du med?