Forvirrande jungel

Mitt nyttårsforsett for 2013 var altså å la vere å kjøpe kler, sko eller gåver som ikkje er etiske. Men i førre veke gikk eg på mine to første smell: eg kjøpte ei strømpebukse frå La Mote (Pierre Robert) og ein gåve frå Barnebokforlaget utan at eg veit nokon ting om korleis dei er produsert. Eg har berre har meg sjølv å takke (eg kunne trass alt ha handla meir etisk), men blir likevel irritert over kor vanskeleg det er å vere ein bevisst forbrukar. Organisasjonane som arbeider for etisk handel forvirrar meg ofte meir enn dei rettleier:

Screenshot_2_23_13_6_14_PM-2.png

Intiativ for etisk handel (IEH) kaller seg sjølv "et ressurssenter og en pådriver for etisk handel". Dei har ulike medlemmer, alt frå Kirkens Nødhjelp til Rema 1000 og Pierre Robert, som mot betaling får råd og rettleiing til korleis dei kan drive meir etisk handel. MEN såvidt eg forstår gjer ikkje eit medlemskap dei nødvendigvis noko meir etiske enn andre. Her er det lett å misforstå. Og det kan virke som at nokon av medlemma veit å utnytte det. Dei bruker medlemskapet til å fronte seg sjølv som etiske. IEH på si side gir ingen rettleiing til oss forbrukarar, men kjem med unnskyldningar til kvifor etisk handel er så vanskeleg. Slik virkar dei på eit vis mot si eiga hensikt. 

Framtiden i våre hender (FIVH) er ein miljøorganisasjon som har ein meir miljøvennleg og rettferdig tekstilindustri som eit av deiras satsingsområder. Dei har blant anna gitt ut rapportar om tema og har for tida fleire kampanjer for å gjere tekstilindustrien meir gjennomsiktig. Og misforstå meg rett, eg synest dei gjer ein fantastisk innsats, men ønsker meg enda meir. I kommentarfelt på facebook ser eg at fleire spør etter det same: kor er det ok å shoppe? Er nokon kleskjeder betre enn andre? FIVH kåra H&M til årets etikkversting 2012 på grunn av avsløringar om elendige arbeidsforhold på fabrikkar i Kambodsja. Men H&M blir av fleire aktørar omtala som ein av dei beste på etikk (som forskar Thomas Laudal og Rank a brand). Korleis er FIVH ueinige med desse? H&M blir ofte omtala som den aller største oppkjøparen av organisk bomull. Kvifor er ikkje FIVH opptatt av det? Eg kunne ønske FIVH i høgare grad hjalp oss forbrukarar til å finne fram i den forvirrande varejungelen.

Grønn hverdag er ein nettbasert "guide til miljøvennlig, dyrevennlig og etisk forbruk". Det burde vel vere nett det eg spør etter? Dei har blant anna ein oversikt over ulike etiske produkter. Problemet her er at dei ikkje sjølv sjekker om merker og butikker faktisk er etiske, og: dei tar betalt for å få lov til å stå på lista (!). Fleire aktører innan etisk handel har derfor valgt å ikkje stå på denne lista. Grønn hverdag skylder på lite penger, men sjølv om mi eiga liste har blitt til mellom jobb, middag, eksamen og amming, så er den lenger enn deira. Skjerpings, Grønn hverdag: dokker bør enten slutte å ta betalt for å få stå på lista eller slette heile greia. Den fungerer som reklameplass og det er ikkje god folkeopplysning.