Økologisk bomull

Eg skulle på eit slags jobbintervju, var i byen og kunne berre ikkje gå i den genseren eg hadde på meg. Det er ofte enklare å kjøpe noko nytt enn å gå heim å skifte. Det kostar nesten like mykje for ei t-skjorte som for ein kopp med kaffe. Eg hadde dårleg tid. Eg gjekk inn på H&M. Det var salg. Flotte farger, fancy plakatar. Eg fekk nok litt shoppingabstinenser, men blei òg kvalm over korleis denne industrien pusher kler på folk. Topper for 30 kr, bukser for 100 kr.

Eg så etter økologisk bomull. Spurte etter økologisk bomull. Butikkdama visste ikkje. "Dei ligg innimellom". Eg fann ei rekke med nokon ganske treige toppar i økologisk bomull. Made in Bangladesh. Kva veit me om produksjonsforholda? Ingenting. Eg hadde sett bilda frå fabrikkane i Bangladesh og klarte ikkje å kjøpe noko.  

Gjekk på Lindex og fann ein topp, på salg, Made in India. Heller ikkje her stod det noko om korleis klesplagga er sydd... men den var laga av økologisk bomull.

Eg slit litt med å stole på billigkjedene sine sertifiseringer av økologisk bomull. H&M skryt av å kjøpe opp mest økologisk bomull av alle i heile verda. I 2010 blei det avslørt at deira såkalla økologiske bomull inneheld genmodifisert bomull. 

Uansett er auka bruk av økologisk bomull ein god ting. Ok, det er eit slags kompromiss: H&M og Lindex sine økologiske plagg er litt snilt.

Ren Mat gir ei god forklaring på skilnaden mellom konvensjonell og økologisk bomull. Her er nokre sentrale punkt: 

  • Kjemikaliene som blir brukt på bomull er klassifisert som ein av dei mest giftige. Kvart år blir 3 millioner menneske forgifta av sprøytemidler. Mellom 18 000-22 000 døyr.
  • Genmodifisert bomull er programmert til å danne giftproteiner. Dette tar livet av insekter, men skadar òg dyr som beiter og menneske som hauster inn. 
  • Økologisk bomullsproduksjon bruker verken kjemisk-syntetiske sprøytemidler, kunstgjødsel eller vekstregulerende midler.

 

Screenshot_6_19_13_10_13_PM.png
Screenshot_6_19_13_9_00_PM.png
Screenshot_6_19_13_8_14_PM.png