Mote. Riktig.

Dette er ingen moteblogg. Eg er berre opptatt av at me stiller dei riktige spørsmåla når me shoppar. Eg har vore vant med å spørre: Ønsker eg meg denne? No prøvar eg å også stille spørsmål som: Korleis påvirker det miljøet om eg handlar denne? Kva type industri støtter eg?

Sheena Matheiken er moteriktig. I den same kjolen kvar dag i eit heilt år klarte ho å sjå kul ut. Det er eit fantastisk miljøbodskap: du treng ikkje noko nytt, du kjem langt med å vere kreativ. 

Sheena samla inn mykje penger til skolegong til barn i India. Ho starta også ein slags trend innan moteblogging.

Fleire har latt seg inspirere, mellom anna Ania som nett har begynt sitt kjoleprosjekt. Ho ønsker å endre den slemme delen av klesindustrien. Hurra! Eg blei så glad når eg fann denne, særleg fordi vanlege motebloggarar ofte fungerar som gratis reklameplass for kleskjeder som driv rovdrift på både miljø og menneske. Lykke til vidare, Ania, og gi ein lyd om eg kan hjelpe med ei snill jakke eller noko :)

Same kjolen i eit heilt år? Dei har eit par kopier altså, så det går ikkje rundt og er skitne. Også bytter dei ut alt anna. Så i praksis ser dei nye og freshe ut kvar dag. "Ein kreativ utfordring" som Sheena kallar det. Eg synest det burde vore meir lov å vere meir kjedelig. Gå i dei same klesplagga om igjen og om igjen. Kanskje me er redde for å bli sett på som fattige? Som lite kreative? Skitne? Eg kjem ikkje til å gå med den same kjolen i eit heilt år heilt enda - men eg skal tenke at det er ok å gå i dei same klesplagga så ofte eg berre vil.