People Tree #snilt

Endeleg ein tur til Bergen! Eg sitt no på ein benk og venter på veslesyster. Tenkte eg skulle prøve å blogge frå mobil. Eg var nemlig innom Twisted nett no og her har dei fått inn masse fine klede frå People Tree. Dette er eit britisk merke som produserer økologisk, fairtrade og jobber med små grupper. Genseren eg kjøpte er laga i India av ei gruppe som gir arbeid til døve og stumme kvinner.

People Tree sine plagg er stort sett slitesterke og veldig, veldig fine.

Det er ein fin februardag, men no sett kulda ein stoppar for utendørsblogging. Eg må finne meg noko snill mat og drikke til å matche genseren, trur eg...

Transient
Transient
Transient