Snilt 2013

No er 2013 ferdig og tida er komen for å gjere opp status for prosjektet om å shoppe snillare. Har eg klart det? Både ja og nei. 

Nei? Eg har hatt eit par sprekkar. Denne shoppinga ga ikkje noko kjensle av rus eller lykke, men dårleg samvit og nokre nye plagg. Eg har blogga om gjenbruk og etiske klesmerker, men ein ting er ikkje lett å finne brukt og ikkje kjekt å bestille på nett: bukser. Nudie jeans er det eineste snille buksemerket eg fann i Bergen, problemet er at deira form ikkje passar meg. Det same gjeld liltesøster, så det er ikkje berre meg. :) Eg sender dette bukseproblemet vidare til butikken Twisted som kan løyse det ved å ta inn buksene til People Tree - det hadde vore stas!

Trass slemme shoppingsmell er det noko anna som har plaga meg mest med prosjektet. Eg har ikkje likt den moraliserende tona bloggen har hatt. Her vil eg låne orda til fantastiske Irina Lee på Lindmo: Eg ønskja ikkje å fortelje folk kva dei bør gjere, men eg hadde eit håp om å inspirere folk til å handle snilt. Kanskje vil eg få det betre til om prosjektet blir teken opp att i 2015? Då håpar eg òg at prosjektet ikkje liknar så mykje på ein rar moteblogg med fokus på forbruk. Sjølv om eg har tru på at rettferdig handel kan skape arbeidsplassar, treng ikkje naturen at me lagar ting berre for å lage ting. 

JA! Eg har i løpet av 2013 klart å shoppe snilt. Det vil framfor alt seie at eg har kjøpt lite kler og stæsj. Prosjektet har fått meg til å gå rett forbi hauger av flotte kler på sal og tilbot. Eg har heller brukt penger på få kvalitetsplagg produsert på måtar som er greitt for miljø og menneske. Og gjenbruk har stått i fokus. I går flytta me inn i ein leiligheit på Bømlo og her skal me bu i vår. Eg kjem til å sakne byttefestar, bruktbutikkar og dei mange loppemarknadene i Bergen. 

bilde-2.JPG

Dei heimespøta kjøkenklutane og julepynten er berre eit døme på dei monge snille gåvene eg har fått i 2013. Eg har arva mykje tøy og fått mykje støtte. “Eg har byrja å sy boxerane mine!” og “Eg har berre kjøpt to klesplagg i år!” er noko av det folk har fortalt meg. Imponerande! Facebookgruppa er i hyppig bruk av folk som diskuterar etisk forbruk. Det er så kjekt :) Difor har prosjektet vore vellukka. 

Tusen takk - dokker har vore så snille!

Ønskjer dokker eit fantastisk nytt år!