Snilt #4: Aiayu og Nordvestpassasjen (Slemt #2: United Colours of Benetton)

Transient

Cardingan i tynn ull er for meg eit såkalla nøkkelplagg. Eg gjorde eit tappert, men dårleg, forsøk på å lappe saman den eg hadde (eg tar gjerne i mot lappetips!). På grunn av snill shopping-prosjektet kunne eg ikkje gå tilbake til United Colours of Benetton, kor eg vanlegvis kjøper ullcardigan. Dei gir utilstrekkeleg informasjon om miljø og arbeidsforhold og kan ikkje reknast som særleg snille. 

Då er det godt at det finst butikkar som Nordvestpassasjen. Dei sel kler og interiørprodukt som er fairtrade og/eller øko-sertifiserte. Nå for tida ser nettbutikken nesten heilt tom ut, men Juliane som driv butikken, har lova meg at dei kjem sterkare tilbake til hausten.

Transient

Og det var altså her eg fann årets første innkjøp: ein cardigan i fantastisk lamaull. Aiayu heiter merket og dei tar verkeleg etikk på alvor: dei arbeider tett med fabrikkar i fjellheimen i Bolivia, slik at dei driv berekraftig og tar godt vare på arbeiderane. Dei er også opptatt av råvaren og hjelper lamabøndene til å ta godt vare på dyra og for å få god kvalitet på ulla. Og kvaliteten er fantastisk! Mjuk, varm og god passform.

Tommelopp for Aiayu og Nordvestpassasjen! 

PS: Aiayu finn me også hos Mondur (Bergen), Vel Bevare (Oslo) og FairPlay design (Stavanger).