Snilt #5 Fretex

Snillare blir det ikkje! Fretex er gjenbruk og det er aller best. Gjenbruk sparar miljøet for rovdrift på jord og giftutslipp i vatn. Gjenbruk støttar ikkje ein kynisk klesindustri. Gjenbruk er det motsette av fast fashion. Men Fretex er ikkje berre gjenbruk. Dei gir arbeidstrening til omlag 1000 mennesker. Folk som av ei eller anna grunn slit med å få jobb, får gjennom Fretex kurs, trening og blir etterkvart godt kvalifisert arbeidskraft.

Nye kler som overgangsritual

Det er rart med det. Med store endringar i livet, kjem det hos meg eit behov for å også endre kva eg har på meg. Mannen min pleier å klippe av seg alt håret. Eg kjøper heller kler. Det er kanskje nettopp følelsen av fornying fast fashion-folka har lært seg å tjene penger på. Sidan eg har forbod mot å handle uetisk, blei Fretex redninga når eg for nokre veker sidan gjekk på ein aldri så liten shoppingbonanza. 

#fretexfashion

For nokre dagar sidan lanserte Fretex ein kampanje på Instagram: ta bilde av ditt Fretex-funn, bruk #fretexfashion og få 20 % rabatt. Eg har hivd meg på og erklærer med desse bilda min kjærleik til den beste butikkjeda i verda. 

Transient
Transient

Korleis ser din Fretex-fashion ut?