Ullplagg med konditorfarge

Flekker på ullplagg er vanskeleg å få bort. Eg prøvde ei enkel oppskrift på å farge dei med Wilton konditorfarge: Finn ei stor gryte. Bland ut farga med litt vatn. Fyll på med vatn og legg ullplagga i gryta. Kok opp, IKKJE rør rundt, og la stå på rett under kokepunktet i ein time. 

Fargen blei litt skjoldete så det kan vere ein idé å bruke ei oppskrift med eddik. Sjå for eksempel denne (fin orangefarge!) eller denne

Eg brukte burgunder, men den kvite ullen blei gammelrosa. Den lyseblå fikk ein farge som likna meir på burgunder. Tranlukta forsvann også med kokinga - så nå er ullplagga klare for å bli sendt vidare til ei lita jente :) 

 

Transient
Transient
Transient