Lyrikk

 

Lyrikk kan vere dikt og sangtekster.

Lyrikk kan fortelje ei historie. Eit døme på det er Alf Prøysen sine barnesonger. Eit nyare døme er "Sommerflørt".

Lyrikk kan informere. Det kan vere til hjelp når ein må hugse noko viktig. Som i Nødnummersongen.

Lyrikk kan argumentere. Eit døme på det er Nordhal Grieg sitt berømte dikt "Til ungdommen".

Men det mest vanlege er at lyrikk får oss til å tenke, reflektere, undre, drøyme... Som i Olav H. Hauge sitt dikt "Draumen".

Vanlege verkemiddel i lyrikk er rim og rytme. Dette kan hjelpe oss når me skal lære eit nytt språk. Derfor er barnesonger viktig - og kjekt! Det er ikkje alltid tekstane gir så mykje meining. Det er likevel ein god måte å lære lydar og rytme. Sjå til dømes Sangfoni.

Rim og rytme er også veldig viktig i rap. Karpe Diem er eit av dei største banda i Noreg. Høyr songen "Påfugl".

Ikkje all lyrikk har rim i seg. Eit døme er Olav Linkas sitt dikt "Koko". Dette diktet bruker andre verkemiddel, nemleg gjentakingkontrast og humor