Endre praksis

Det er haustferie og ein pause som gjer tid til å tenke. Eg underviser fantastiske ungdommar i ei innføringsklasse. Snart drar nokon vidare, snart kjem nokon nye. Det er tredje året mitt, men eg slit fortsatt med å tilpasse undervisinga. Desse ungdommane fortener berre det beste. Dei har dårleg tid og stor lærevilje.

I år underviser eg i naturfag og samfunnsfag. Nokre har full skulegong og snakkar som om dei har vore i landet i årevis. Andre kan ikkje alfabetet og berre nokre få ord norsk. Kvifor skal dei lære fag? Om ikkje lenge skal dei ut i «vanlege klassar», som me kallar det. Dei skal snart få vurdering med karakter etter ordinære læreplanar.. Kva slags fagleg grunnlag kan me gi dei på eit språk dei ikkje forstår?

Nokre kan lese på sitt morsmål. Dei leser faglege tekster som gjer at dei forstår meir om menneske og verda. Som utfordrar dei og får dei til å tenke. Men eg kan ikkje vurdere dei på morsmålet. Må eg vurdere dei?

Eg har tidligare anbefalt å bruke varierte metodar og «opne» opplegg og planar. Det fungerte når eg underviste i norsk og når alle elevane kunne lese og skrive. Sånn er det ikkje no. Løysinga blir ofte at dei som ikkje kan støtte seg til skriftspråket, blir sendt på naborommet med ein assistent. Sånn vil eg ikkje ha det lenger.

Årsplanen eg har brukt fram til no, har vore inspirert av baklengs planlegging. Hovudtanken er å fokusere meir på kva elevane skal lære, enn kva me skal gjere. Og at me må trene på det dei skal bli vurdert i. Eller vurdere dei i det me har trent på, om det høyres betre ut. Godt oppsummert i dette bildet. Eg vil ikkje gå bort frå denne måten å planlegge på, men min plan har til no ikkje fungert så godt for dei heilt nye.

Det er gjerne opplagt, men det går opp for meg at det ikkje berre handlar om å kunne lese eller ikkje. For nokon fungerer skrift som krykker dei ikkje klarar seg utan. For andre skapar skrift forvirring. Eg lurar på om det er ei løysing å køyre reine munnlege timar. Altså utan å bruke skrift. Dei må nok likevel bli inndelt i grupper. Om me skal lære dei nye ord og formuleringar -einsidig munnleg- må me vere tett på. Alle. Og dei må snakke meir enn oss. Lar det seg gjere?

Dei skriftlege timane ankar eg ikkje så mykje på. Men det er klart dei også blir utfordrande. Det eg lenge har sakna, er å gi desse elevane ein tydeleg plan over kva dei skal lære og korleis. Planen må vere individuell og veldig lett å forstå. Kanskje er det ikkje så mykje fagleg forståing, som fagleg studieteknikk, desse elevane treng. 

Me som underviser i innføringsklasser ender ofte opp med å lage både opplegg og materiell sjølv. Det er laga gode bøker og programmer, men ofte passar det liksom ikkje heilt samansetninga i vår klasse. 

Å endre praksis i ordinære klassar gjer ein gjernei samarbeid med andre lærarar, som kanskje har same fag og same årstrinn. Å endre praksis i ei innføringsklasse er ein ensom prosess. Eg skriv derfor dette innlegget. Litt rotete og litt i ein fart. Håpet er å få inspirasjon og drahjelp frå andre som underviser i samfunnsfag og/eller naturfag, i ein innføringsklasse med stort spenn.