SNO

Her kjem ei oppsummering av første (og siste?) år som lærar i særksilt norskopplæring (SNO). Årshjulet ser slik ut: eventyr, artikkel, roman, forteljing, rapport og lesarinnlegg. Innlæring av ord, omgrep og grammatikk inngår i arbeidet rundt desse teksttypane. Arbeidsmetodane byggjer mykje på sjangerpedagogikken, som kort sagt gir rom for grundig og tidkrevjande arbeid med språk og tekst. Andre nøkkelord i undervisinga er munnleg aktivitet, IKT og morsmålsstøtte (stort sett utan morsmålsassistent- eller lærar).

Eg var altså så heldig å ha SNO med elevar på 8., 9. og 10. klasse, og vil understreke det som gjer opplegget spesielt. For det første: eg har aldri den same gruppe av elevar, sidan dei kjem til meg når deira klasse har norsk. For det andre: elevane er svært ulike. Ikkje berre er det eit alderspenn 13-17 år, men varierer også kor mykje skulegong dei har og kor lenge dei har vore i Noreg. For at opplæringa skal henge saman og gi meinig, må ein ha mange ulike tilnærmingar og vere fleksibel. Eg trur også djupdelæring er viktig for å få dette til, og er glad for at norsk skule generelt går i den retninga no.

Elevar som får SN0 har gjerne budd i Noreg i 1-3 år. Dei vil meistre og få tilpassa opplæringa i ordinære fag på svært ulike måtar. Mange vil ha eit stort behov for leksehjelp, anten det er høgtlesing på norsk eller å få fagtekstar på morsmålet, men eg er oppteken av at målet må vere å gjere dei rusta til å følgje ordinær norskundervising. Nokon av 10. klassingane skal få karakter i norsk allereie neste skuleår. Utgangspunktet er altså at så lenge eleven ikkje følger ordinær norskopplæring i det heile, må ein gi dei ei forståing av ulike typar tekstar og trening i å skrive sjølv. Dette er sjølvsagt også ein sentral del av læreplan i grunnleggjande norsk.

Me starta skuleåret med å omsette eventyr frå morsmål eller skulespråk til norsk. Målet var både å gjere dei kjente med ei viktig sjanger, men også å kartlegge det skriftlege språket. Dei som ikkje klarte å omsette anten munnleg eller skriftleg tekst, fikk oppgåva å gjenfortelje eventyret Dei tre bukkane Bruse. Dette viste seg å vere ein veldig nyttig for meg som lærar, og mange av elevane likte denne måten å jobbe med språket på. Her er eit døme frå ein elev som omsatte frå arabisk til norsk. Dette tok me opp igjen i samband med morsmålsdagen i februar: ho las det opp for barnehagebarn og elevar i barneskulen med mange arabisktalande. God munnleg trening!

Når elevane var ferdige å omsette eventyra, brukte me mykje tid på å rette teksten. Her jobba nokon med ortografi, andre med grammatiske bøyingar og syntaks. Dei fikk gjerne i oppgåve å bøye orda dei hadde brukt feil, for så å gå tilbake i teksten og bruke riktig bøyingsform. Mitt inntrykk er at denne måten å lære grammatikk gir meir meining for elevane, enn isolerte utfyllingsskjema som ein ofte finn i andrespråksopplæringa. Denne prosessorienterte arbeidsmåten går igjen heile året. Dei fikk til slutt ein vurdering (utan karakter!) i ein matrise om kva dei fikk til og kva ein må jobbe meir med. Eg brukar ikkje mykje tid på dette sidan elevane er så ulike, men nokre av elevane er veldig oppteken av vurdering. Dei har sjølvsagt også rett på å få det.

Neste sjanger på planen var drøftande artikkel. No skulle dei få skrive sjølv. Dette er ein utfordrande teksttype som blir mykje brukt i skulen. Det faglege, drøftande språket må dei bruke i prøvar og innleveringar i mange ulike fag. Me brukte eit hefte frå Johannes læringssenter, som eg omsette til nynorsk, om ulike sjangrar. Me brukte mykje tid på å forstå kva som kjenneteiknar ulike type tekstar. Me «nærleste» også eit døme på drøftande artikkel. Så fikk dei oppgåva henta frå Skrivesenteret om demokrati. Me kobla det til Stortingsvalet som alle hadde jobba med i samfunnsfag den hausten. Sjølv om nokon av dei meistra dette og alle lærte mykje nytt om demokrati – var nok oppgåva for vanskeleg for dei fleste. Eg ville ha valt ein anna tema eg skulle gjort det igjen. Kanskje noko om barnelova?

Så var det tid for å lese roman. Eg har lenge leita etter ein bok med innhald som passar for elevar, men med eit relativt enkelt, nynorsk språk, og blei veldig glad når eg fann Atle Hansen sin «Svartedalen». Sidan eg har eit par bokmålselevar, landa eg på å omsette ca. 40 sider av teksten (eg fikk lov av forfattaren!). Me leste boka høgt og jobba med ulike typar oppgåver. Det tok tid å forstå teksten, særleg når noko av fokuset var å lære korleis me kan skrive skjønnlitterært. Elevane fikk boka med seg heim til jul, sånn at dei som ville, kunne lese ferdig på eige hand. Mengdelesing er særleg viktig for denne elevgruppa. Problemet var at mange synest denne boka var vanskeleg og få ville lese vidare heime. (Så: om nokon har ein lettlest ungdomsroman på nynorsk i ermet – sett deg ned og skriv. ) Likevel: dei fleste elevane klarte å gjengi byrjinga av boka godt munnleg og fikk nokre felles referansar, som er gode å ha når ein skal snakke om skjønnlitteratur.

Rapport var kanskje den einaste teksttypen alle elevane meistra. For 9. og 10. trinn var rapport ei oppgåve dei hadde i faga Utdanningsval og Kunst og handverk. Me jobba derfor på tvers av fag. Med 8. trinn planta me karse og skreiv rundt dette. Dei fikk lese eit døme skrive av tidlegare elevar. Å ha noko konkret å skrive om var godt særleg for dei som slit med å skrive.

Forteljing er også ein viktig sjanger som dei kjem til å møte på seinare. Me såg ein kortfilm og snakka om miljø, personar og høgdepunkt. Me spelte Kittys forteljarspel, brukte Skrivesenteret si skriveramme og skreiv forteljing saman. Så fikk dei fikk velje tema sjølv og tid til å skrive på eigehand. Her var det stor variasjon i kva elevane klarte å produsere. Dei som ikkje klarte å komme i gong fikk bruke skrivespelet «Elegy of a dead world».

Siste sjanger på planen var lesarinnlegg. Me las ulike døme og snakka om oppbygginga og vanlege formuleringar. Så såg me ein episode av «Leo tar valget» om norsk skule og skreiv eit lesarinnlegg saman. Så fikk dei skrive sjølv. Spennande å høyre kva dei tenkjer om norsk skule – særleg dei som klarte å samanlikne med heimlandet!

I løpet av skuleåret, og særleg heilt på tampen, har klassen heildagsprøvar og munnlege prøvar. Fordelen med å ha SNO på tvers av alle trinna, er at eg har hatt høve for å tilrettelegge for SNO-elevane i sånne prøvesituasjonar. Nokre gonger hadde me  vanleg undervising, andre gonger fikk dei prøve seg på ordinær norskprøve, men med rettleiing. Eg brukte også kartleggingsprøva frå Johannes læringssenter. Ein del elevar på 9. trinn kom dessutan opp i SNO når klassen hadde munnleg prøve etter modell frå munnleg eksamen. Tilpassa opplæring og særskilt språkopplæring handlar òg om å ta elevane på alvor. Dette var ein fin måte å oppsummere året på og få ein siste kartlegging. Takk for eit superfint år! <3

prøve.jpg