Undervise nyankomne

Kva er god undervising for dei som nett har kome til Noreg? Her kjem nokre tankar eg sitt med etter å ha undervist nyankomne i tre-fire år, og då i hovudsak ungdommar. Metodane er temmeleg vanlege i ordinær undervising, men det er litt andre omsyn å ta. Les også Nafo sine 10 prinsipp og Udir sin rettleiiar for innføringstilbod.

1. Sjå kor eleven er: kartlegg kva eleven kan. Særleg morsmål eller skulespråk er viktig, då det er fundamentet all ny kunnskap skal byggast på. Ikkje tenk at dei skal slutte med språka dei kjem med, men bruk språkkunnskapen til å lære norsk, fag – og i beste fall: hjelp dei til å vidareutvikle språka sine.

Det er ein grunn til at elevane har rett på tospråkleg fagopplæring (god forståing er viktig for læring) – og/eller morsmålsopplæring (det utviklar fundamentet til elevane). Problemet er at mange kommunar ikkje har ressursar til å tilby elevane dette. Alle elevar har dessutan rett på opplæring i alle fag, men det kan gjerast avvik ved samtykke.

Kva ein faktisk får til avhenger av tid og personar. Mine gullgruver er: morsmål.no, Udir og World stories. Sjølv om eg ikkje kan språka, kan eg finne fram, printe og samarbeide med elevar, assistentar og foreldre.

2. Sjå kor eleven skal: nyankomne elevar i grunnskulen har ein enorm jobb foran seg. Dei må forstå 20 000 ord for å vere på nivå med ein ”vanleg” 6-åring. På to år kan me forvente at dei har lært seg nok norsk til å ha ein kvardagsleg samtale. Å få eit aktivt munnleg språk er det aller viktigaste for våre elevar. Det siste året har eg fokusert ekstra på dette: målet må vere å få alle til å øve på å lytte og snakke – og at dei alltid skal snakke meir enn meg.

Det er vanleg å bruke fem år eller meir på å lære seg nok språk til å klare å følge ordinær fagundervising. "Dei nyankomne" er altså ikkje som synonymt med dei som går i innføringstilbod. Det betyr at dei fleste lærarar bør sette seg inn i kva det vil seie å undervise elevar som ikkje har vore lenge i Noreg – eller fleirspråklege generelt for den del.

Korleis me bør gå fram for å gjere elevane best mogleg rusta for å bli kjend med norske ungdommar, og på dei faga som møter dei i ordinær undervising, er det eg synest er mest vanskeleg. Men å heile tida ha dette i tankane når ein planlegg undervising, trur eg er lurt.

Å legge til rette for eit ekstra høgt læringstrykk, er kanskje det beste rådet eg kan gi.

3. Altså: forvent mykje arbeid frå elevane, men gjer undervisinga tilpassa og variert. Sjangerpedagogikken står for meg som den beste måten å gjere dette på. Det er ein måte å jobbe med tekst som legg opp til fokus på språk, munnlege øvingar, stillasbygging og fordjuping i ulike typar fag/emne.

Elles har eg brukt min eigen nettstad til å vise elevane korleis dei kan jobbe på sitt nivå for eksempel med grammatikk, anten heime eller i timen. Kvar veke har me sett og snakka om ein filmsnutt. Her ligg òg nokre få opplegg og lenkar som passar til tema.

Spel som fungerer godt i innføringstilbod er mimeleiken, Alias, Yatzy, heimesnekra memory-card (bilde/ord) og spela frå Spireserien. I spelet med vanlege ord må elevane sei ein setning med ordet. Eg har fått hjelp til å omsette orda til farsi og arabisk. (link kjem)

4. Vurdering for læring for nyankomne elevar er ei nøtt å knekke. Elevane har nok godt av å vite kva dei kan og kva dei kan gjere for å bli betre, men for denne gruppa er det kanskje enda viktigare at me lærarar brukar vurderinga som eit verktøy for å gi best mogleg undervising (jf. Hagevold).

Det er kartlegging i grunnleggjande norsk som tel for oss norsklærarar. Me har i tillegg laga liknande vurderingsskjema i dei andre faga, men eg er usikker kor stort utbyte har vore. Samstundes: elevane har rett på vurdering i alle fag.

Gloseprøvar må gjerne til når ein skal lære seg eit hav av nye ord, men kva gjer me når elevane er på ulikt nivå, og korleis testar me at dei faktisk forstår orda? Eg har brukt prøvar ca. kvar tredje veke med fleire bilde (dei skal skrive og sette strek til alle orda dei kan) og nokre linjer (kor dei skal skrive så fullstendige setningar som dei klarar). Me har jobba med bilda, orda og setningar saman i forkant.

5. Lag opne opplegg som gjer at elevane kan jobbe på ulike måtar, men gjerne om same tema. Dette er særleg viktig om elevane deltek nokre timar i ordinær undervising. Då vil ein ha elevar som går og kjem på heilt ulike tider – og då må dei få høve til å få med seg det mest sentrale.

6. Lag opne planar er mitt siste tips i arbeidet med nyankomne. Planar og bøker kan vere gode hjelpemiddel i undervisinga, men ein må ha høve for å gjere endringar undervegs. Det er vanskeleg å vite korleis klassen utviklar seg. Plutseleg får du mange nye –heilt ulike, men like fantastiske- elevar i klassen.